Hopp til innhold

Arrangerer fakkeltog mot helsekutt

21. januar blir det arrangert fakkeltog mot kutt i Helse Møre og Romsdal ved Ålesund sjukehus. – Kom og vis solidaritet og la oss stå samla for å vise at vi ikkje godtek kutta i helseføretaka som det er lagt opp til, står det i pressemeldinga. Initiativtakar er Siv Katrin Ulla. Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap), Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) og Eva-Brit Langva frå Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse (LPP) er blant dei som skal halde appell.