Hopp til innhold

Skal tilsette fleire

Veksten i sjømatnæringa gjer at Møreforsking no skal tilsette fleire nye marine forskarar og folk med kunnskap innan sjømat. Møreforsking har som mål å bli større, og søkjer etter folk både i Ålesund og i Molde. – Det er eit ønskje, både frå oss sjølv og styret, at vi skal vakse og bli eit endå meir robust forskingsmiljø i regionen enn det vi er i dag, seier Snorre Bakke, forskingsleiar i Møreforsking.

NMK i Ålesund
Foto: Lena Høyberg / NRK