Hopp til innhold

Må betale nesten 1,5 millionar

Ein sunnmørsbonde og samdrifta han har leia må betale to medeigarar til saman nesten 1,5 millionar kroner. Dei tre bøndene gjekk i lag om samdrift i 2009, men har i ettertid vore svært usamde om drift og økonomi. To av medeigarane meinte den tredje ikkje dreiv slik dei var samde om, og tappa samdrifta for pengar. No har dei vunne fram i tingretten, og får også dekt sakskostnadene sine på over 300 000 kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL