Hopp til innhold

Meiner skredtiltaka er for dårlege

Dei evakuerte etter skredet i Årsetdalen i Ørsta fekk i kveld flytte tilbake til heimane sine. Dette er den tredje evakueringa på fem år. Dei som bur der meiner tiltaka mot skred ikkje er gode nok. – Det er galskap. Elva burde ikkje gått der ho går, seier Ernst Larsen. Berre flaks gjorde at det ikkje gjekk liv då det første store skredet kom i 2013, og 40 menneske måtte evakuerast.

Kommunen vedgår at dei ikkje har gjort nok, og hadde tidlegare i dag møte med NVE om situasjonen. – Folk kan ikkje leve under dette presset i lengda, det må leggast ein plan for å gjere noko med dette, seier Stein Aam (Sp), ordførar i Ørsta.

Regionsjefen har i dag bestemt seg for å reise til Årsetdalen for å vurdere situasjonen. NVE har det overordna ansvaret for rassikringa i Noreg, men vil førebels ikkje love noko. Sjå meir her:

Dei evakuerte frå fem hus i Årsetdalen i Ørsta får flytte tilbake til heimane sine i kveld. Politiet og Ørsta kommune har heva evakueringa, som er den tredje på fem år. Dei som bur der meiner tiltaka mot skred ikkje er gode nok.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL