Hopp til innhold

Gasskraftverk til sals

Reservegasskraftverket på Tjeldbergodden i Aure er selt til Tyrkia og er i ferd med å bli demontert. Det er så langt ikkje funne nokon kjøpar til kraftverket på Nyhamna i Aukra. Kommunikasjonssjef i Statnett, Martha Hagerup Nilson, trur det er ein marknad for anlegget på Nyhamna, men at det tar tid å finne rette kjøpar. Dei to mobile reservegasskraftverka kosta til saman 2,1 milliard kroner for 10 år sidan og har stått der i beredskap, men er aldri blitt tatt i bruk.