Hopp til innhold

Hærverk i Kristiansund

Hjorten i Vanndamman i Kristiansund er utsett for hærverk. I løpet av natta har nokon velta den to-tre meter høge statuen. I tillegg er det eine hornet kutta av. Politiet har fått melding om saka, og skal undersøke nærare. Dei ber også om tips dersom nokon har opplysningar eller har sett kva som skjedde.

Hjorten i Vanndammen
Foto: Gro Halten