Hopp til innhold

Kjem ikkje til Ørsta likevel

Dei polske detektivane som skulle kome til Ørsta for å leite etter sakna Maja Herner, kjem ikkje likevel. Det skriv Møre-Nytt. – Vi er overraska over at norsk politi ikkje vil ha kontakt med oss, seier ein av dei tilsette i det polske detektivbyrået Lampart til avisa. Han vektlegg samtidig at dei ikkje vil legge ned arbeidet før Herner er funnen.