Hopp til innhold

Shell satsar vidare i Kristiansund

Shell har nettopp overlevert drifta av Draugen-plattforma til det norske oljeselskapet Okea, og 153 Shell-tilsette har samtidig skifta arbeidsgivar. Men Shell kjem til å halde fram arbeidet i Kristiansund, seier informasjonssjef Kitty Eide. – Vi har 45 tilsette og har etablert oss i eit nytt kontorlokale. Vi skal halde fram med det som ikkje har med Draugen å gjere, blant anna ei sikker drift av Ormen Lange og som teknisk tenesteytar på Nyhamna. I tillegg har vi også ein del å gjere med Knarr-feltet. Vi skal no finne fotfeste som ein annleis og mindre organisasjon enn det vi har vore før, seier ho.

Kitty Eide, kommunikasjonssjef ved Nyhamna
Foto: Gunnar Sandvik / NRK