Hopp til innhold

Fleire fekk pris i Ålesund bystyre

Torsdag kveld blei ein rekke prisvinnarar heidra i bystyret i Ålesund. Desse var; (frå venstre) skodespelar Karoline Isaksen fekk årets kunstnarpris, Inger Storheim fekk Ålesund bys heiderspris for 2018 for sin innsats for opplysningsarbeidet om demens og pårørandearbeidet over mange år. Vetle Nærø var vinnaren av Ungdommens kulturpris, medan Karl Johan Skårbrevik og foreininga Suppebilen fekk helse- og velferdsprisen 2018. Byplansjef Olav Høydals minnepris (Byggeskikkprisen) for 2018 gjekk til Speidernes hus i Kipervikgata 25. Og NLM Gjenbruk Ålesund fekk Ålesund bys Miljøpris.

Prisvinnarar
Foto: Ålesund kommune