Hopp til innhold

– Det blir ein spennande kamp søndag

Fredrik Carlsen, midtbanespelar i AaFK, var sånn passe fornøgd med kveldens kamp mot Stabæk. Han trur returoppgjeret blir spennande. – Vi har eit greitt utgangspunkt før kampen søndag, så vi har framleis ei moglegheit, seier han. Carlsen legg ikkje skjul på at han ønskjer at AaFK skal rukke opp til Eliteserien neste sesong. – Ein har sjølvsagt lyst å spele på det høgaste nivået i norsk fotball. I tillegg har eg vore i klubben lenge, og veit kor mykje det betyr for Sunnmøre å ha eit lag i Eliteserien, seier han.

fredrik carlsen
Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix