Hopp til innhold

Offentleggjering om mediehus utsett

Avgjerda om kven som skal bygge det nye mediehuset ved Høgskulen i Volda blir utsett. Offentleggjeringa skulle skje i dag. Sist veke blei to av fire tilbydarar avvist frå konkurransen fordi dei ikkje held seg innan kostnadsramma i konkurransen. Statsbygg har no fått inn klage frå ein av dei avviste tilbydarane, og prosessen er utsett til klagen er behandla.