Hopp til innhold

Listhaug med deponi-spørsmål

Stortingsrepresentant Sylvi Listhaug frå Frp ber klima- og miljøvernministeren svare på om det ikkje lenger er aktuelt å plassere eit deponi for farleg avfall i Rausand i Nesset. Miljødirektoratet har tidlegare sagt at det er urealistisk å etablere eit deponi i Nesset innan fristen som er sett i 2022, fordi dei meiner det manglar informasjon og dokumentasjon. Listhaug ber no ministeren gjere det klart om han difor har vraka Nesset heilt som alternativ for det nasjonale deponiet for farleg avfall.

Listhaug med ny bok
Foto: Tore Meek / NTB scanpix