Hopp til innhold

– Teknologien er ikkje klar

Cruiseselskapa må basere seg på mindre båtar for å kunne ta turistane inn i verdsarvfjordane i framtida. Det meiner seniorrådgjevar i Bellona, Jan Kjetil Paulsen. Stortinget har vedtatt at innan 2026 skal berre utsleppsfrie skip trafikkere verdsarvfjordane, men cruiseselskapa treng meir tid på å gjere dei store båtane utsleppsfrie. – Å bygge eit nytt cruiseskip med hydrogen på fem månader er ikkje mogleg, når ordrebøkene på cruiseskip er fylt opp fram til 2030. Teknologien er heller ikkje klar. Kvar skal dei få tak i fornybar energi, enten i form av hydrogen eller ammoniakk? Det er ingen som kan levere den mengda som trengst no. Ting tek tid, seier Paulsen.

Geiranger
Foto: Remi Sagen / NRK