Hopp til innhold

Framleis redusert kapasitet

På ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund har Norled framleis problem med B-ferja Ullensvang. Ferja fekk skader etter at eit vogntog sette seg fast på dekk og det har difor berre vore mogleg å bruke underdekket på ferja. Den kunne også berre ta passasjerbilar. No går C-ferja Høgsfjord inn i ruta. – Det er framleis redusert kapasitet, men alle typar køyretøy får no vere med, opplyser Norled.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL