Hopp til innhold

I gang med forskingsprosjekt

Eit nytt forskingsprosjekt skal hjelpe bedrifter til å resirkulere plast frå havnæringane. Med millionstøtte frå EU var aktørar frå innland og utland samla på NTNU i Ålesund fredag for å markere starten. Forskarar ved NTNU har fått 18 millionar kroner frå EU til å leie det internasjonale forskingsprosjektet som skal hjelpe bedrifter som vil resirkulere marine reiskap. – Denne industrien er gryande. Førebels er det mange ulike oppstartsbedrifter og delvis etablerte bedrifter som vi ønskjer å knyte saman og hjelpe med ein betre marknadstilgang, seier forskar Dina Margrethe Aspen til NRK. Ho trur det er mogleg å både tene pengar og å gjere miljøet ei teneste.

Forskingsprosjekt NTNU Ålesiind
Foto: Jannicke Farstad / NRK