Hopp til innhold

– Dei tilsette jobbar godt

Trass i dei kraftige minustala for Helse Møre og Romsdal i september ser administrerande direktør Espen Remme også nokre lyspunkt. I ei pressemelding seier Remme at dei tilsette jobbar godt for at administrasjonen skal lykkast både med pasientbehandlinga og økonomien, og at ein ser over fleire månader tidlegare ei betre utvikling i det driftsøkonomiske resultatet. Men utfordringane er framleis store. – Vi får også tilbakemelding gjennom leiarlinja om fleire som opplever det som utfordrande å halde rammene ut frå dei forventningane det er til å halde oppe tenester og strukturar, seier Remme.

Espen Remme
Foto: Terje Reite / NRK