Hopp til innhold

Spente gulstripeaksjonistar

Gulstripeaksjonistane Helga Hjorthol Grønset og Solvår Skogen Sæterbø er spend på om det kjem pengar til E39 Betna-Stormya når regjeringa legg fram sitt forslag til statsbudsjett i dag. Aksjonistane har strikka fleire hundre meter med gul stripe i kampen for ein betre veg. Prosjektet har ein prioritert plass i Nasjonal transportplan, men byggjestart er avhengig av dei årlege budsjettløyvingane. Halsa-ordførar Ola Rognskog frå Senterpartiet seier han forventar at det kjem ei mindre oppstartsløyving i 2019-budsjettet. Forslaget til statsbudsjettet blir lagt fram klokka 10.00 i dag, og samferdselsminister Jon Georg Dale har invitert til pressetreff på Betna kl. 11.00 i dag.

Solvår Skogen Sæterbø Helga Hjorthol Grønset og Ola Rognskog
Foto: Trond Vestre / NRK