Hopp til innhold

Analyserer strandsøppelet

Kva type søppel finn ein på stranda? Det skal dei analysere i Midsund. Så langt tyder det meste på at søppelet kjem frå hushaldningar og fiskeri. – For meg som gammal fiskar kjenner eg igjen mykje frå fiskeri. Men eg hadde faktisk frykta at endå meir av søppelet skulle vere frå fiskeri, seier ordførar Odd Helge Gangstad (Sp), som også er med på denne dugnaden. Friluftsrådet og kompetansebedrifta SALT står i bresjen. Dei vil gjere folk flest og næringslivet bevisste på kva som eigentleg ligg i strandsona.

Odd Helge Gangstad
Foto: Gunnar Sandvik / NRK