Hopp til innhold

Skal levere gass før nyttår

Datoen for når den første gassen frå Aasta Hansteen-feltet kjem til Nyhamna i Aukra er enda ikkje bestemt, ifølge Equinor. Men selskapet presiserer at dei er i rute og at det skal skje før nyttår. Utbygginga av Nyhamna som gassknutepunkt er allereie klargjort og gassrøyret nordover er lagt. Gassrøyrleidninga Polarled er kopla til Aasta Hansteen-plattforma og det er Nyhamna som skal sende gassen vidare ut i Europa.

Polarled kommer inn til Nyhamna
Foto: Lillian Aasheim / Shell