Hopp til innhold

– Mengda regn blir avgjerande

Kor store nedbørsmengdene blir i dag er avgjerande for kor mykje fjellpartiet Veslemannen i Rauma kjem til å flytte på seg. Det seier geolog Einar Anda til NRK. Men kor mykje nedbør som kjem er førebels svært usikkert. – Det er meldt mellom to og ti millimeter. Det er store sprik i varsla, seier Anda. Trass i lite regn i natt var rørslene i Veslemannen større enn venta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL