Hopp til innhold

Stor trafikkontroll i Volda

Møre og Romsdal politidistrikt, Statens vegvesen og Tolletaten gjennomførte i dag ein omfattande trafikkontroll på E 39 ved Kvivsvegen i Volda. Totalt 950 bilførarar blei stoppa i kontrollen. Av dei fekk heile 16 reaksjonar på grunn av kvaliteten på dekka. Ni av dei fekk køyreforbod, medan sju fekk gebyr. Alle dei 950 vart testa for rus og tre av dei fekk målt lågpromille. 11 av førarane kunne ikkje vise fram førarkort. Tre av dei har ikkje førarkort og vil få eit oppgjer med påtalemakta seinare.