Hopp til innhold

Vurderer skattesystemet for havbruk

Eit nytt utval er sett ned av regjeringa for å vurdere korleis skattesystemet for havbruk bør utformast. Dette skjer for å få vurdert korleis skattesystemet for havbruket kan bidra til at fellesskapet får ein del av den ekstraordinære avkastinga som kan oppstå i næringa, heiter det i ei pressemelding frå finansdepartementet. – Samtidig bør skattesystemet innrettast slik at selskapa har insentiv til å gjennomføre lønsame investeringar, seier finansminister Siv Jensen (Frp) i ei pressemelding. Møre og Romsdal er det fjerde største fylket i landet innan oppdrett av laks og aure.

Lakseoppdrett
Foto: Norsk Havbrukssenter/Flickr