Hopp til innhold

Nektar opprykk, kan bli degradert

Dersom Surnadal sitt herrelag i fotball vinn 4.-divisjon ønskjer dei ikkje å rykkje opp. Problemet er at det ikkje er mogleg å seie frå seg eit opprykk til 3.-divisjon, skriv Tidens Krav (må ha innlogging). Skulle Surnadal vinne serien og nekte opprykk hamnar dei i staden på lågaste nivå i 6.-divisjon, melder avisa. Dessutan vil dei få bøter.