Hopp til innhold

Tek gjerne imot tips

Søket etter personen som er sakna etter brannen i Kristiansund i natt held fram. – Vi jobbar framleis med å lokalisere vedkomande. Vi held alle moglegheiter opne, og tek gjerne imot tips frå publikum, seier etterforskingsleiar Ole Ivar Nybø til NRK. Det er ikkje klart kor vidt vedkomande, som er ein mann fødd på 50-talet, var i huset då det starta å brenne. Han har adresse i huset.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL