Hopp til innhold

Nye undersøkingar

Den tiltalte mannen i underslagssaka mot Samspleis og Bjørnson-akademiet skal gjennom nye undersøkingar – etter krav frå dei psykiatrisk sakkunnige. Det skriv Romsdals Budstikke. Saka mot mannen blei først utsett måndag på grunn av sjukdom i aktoratet. Dei psykiatrisk sakkunnige var i kontakt med den tiltalte denne dagen, og det skal vere observasjonar som blei gjort då som førte til at saka blei ytterlegare utsett. Saka skal kome opp i januar, skriv Romsdals Budstikke.