Hopp til innhold

Kjempar mot sukkeravgifta

Norske brusfabrikkar held fram kampen mot den auka sukkeravgifta dei fryktar vil knekke bransjen. Leiar for Oskar Sylte Mineralvannfabrikk i Molde, Oskar Dag Sylte jr, skal derfor møte næringsministeren måndag med bodskap om at avgiftene må ned eller heilt bort. – Dersom det held fram som no, kan faren på sikte vere at norske fabrikkar blir flytta utanlands. Spørsmålet er om vi skal ha industri i Noreg eller skal vi ikkje ha det, seier Sylte jr.

Daglig leder Oskar Sylte, Oskar Dag Sylte jr.
Foto: Marie Myklebostad / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL