Hopp til innhold

Har vore opne med klubbar

Molde FK har vore opne mot klubbar som har vore interesserte i den valdtektstiltalt fotballspelaren, om kva situasjon vedkomande har vore i. Spelaren er tiltalt for sovevaldtekt av ei kvinne i Molde i fjor, og i går blei rettssaka avslutta. Klubben har fått kritikk for å la mannen spele på laget som normalt medan dei ventar på ein dom i saka. Klubbdirektør Øystein Neerland seier at dei har vore tydlege overfor utanlandske klubbar som har vist interesse for å kjøpe spelaren. Dom i saka kjem måndag 20. august

Øystein Neerland
Foto: Gunnar Sandvik / NRK