Hopp til innhold

Dømd for overgrep mot kusina si

Ein ung mann frå Austlandet er i Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i 30 dagar og 410 timar samfunnsstraff for å ha gjort fleire overgrep mot si eiga kusine, skriv smp.no. Overgrepa starta då jenta var ti år gamal og mannen 15. Då politiet på Austlandet arresterte mannen, fann dei bilete og videoar på datamaskinen hans som viste overgrep mot born eller viste dei i seksuelle situasjonar. Mannen blei også for kort tid sidan dømd for liknande forhold mot eit anna familiemedlem, skriv avisa.