Hopp til innhold

– Vi vil bruke tida godt

Kristiansund har ingen umiddelbare planar om å erstatte Benjamin Stokke som i går vart solgt til den danske klubben Randers. Sportsleg leiar Kenneth Leren i KBK seier det ikkje er slik at dei er nødt til å ha inn nye spelarar i sommar. Leren seier at dei har spelarar som er på veg tilbake frå skade. Klubben vil bruke tida godt og vurdere nøye kva dei vil gjere, seier han.

Kenneth A. Leren
Foto: Eirik Haukenes / NRK