Hopp til innhold

Mange på venteliste

Over 4500 studentar står framleis på venteliste for å kome inn på studia dei ønskjer ved dei tre utdanningsinstitusjonane i fylket. I Volda står over 700 på venteliste berre for å kome inn på sosionom og barnevernsstudia. Direktør Karen Lomeland Jacobsen trur årsaka mellom anna er at desse studia blir rekna for å vere trygge. Det er flest på venteliste i Molde, der over 2000 ønskjer plass.

Karen Lomeland Jacobsen
Foto: Høgskulen i Volda