Trur på meir gass til Aukra
Ordførar Bernhard Riksfjord i Aukra ønskjer at gass frå fleire nye felt skal bli ilandførte til Nyhamna. I dag gir han energiminister Terje Søviknes eit brev om dette, og har tru på positivt svar. – Nyhamna er av dei mest moderne gassmottaka, så det er naturleg at gass frå Norskehavet og Barentshavet kjem til Nyhamna i Aukra.