Hopp til innhold

Ber om meir hausting til fôr

Bønder i Sør-Noreg slit med å få nok fôr til dyra på grunn av tørken. Møre og Romsdal meiner ei av løysningane kan vere å hauste områda, som pr. i dag ikkje blir det. – Vi har i fylket ein god del jord som ikkje blir hausta, eventuelt berre slått med beitepussar. I år bør det absolutt haustast dyrefòr frå desse. Få slått dei raskt, det kan i alle fall nyttast til hest, seier nestleiar Gunnhild Overvoll. Ho seier det må etablerast kontakt mellom grunneigar og slåtteentreprenør og at samarbeidet må vere godt økonomisk for begge partar.