Hopp til innhold

Nordøyvegen blir krevjande

Arbeidet med Nordøyvegen er krevjande, meiner Høgre-politikar Charles Tøsse. I går sa fylkesutvalet nei til å behandle forslaget frå fylkesrådmannen om å avlyse anbodskonkurransen. I oktober må politikarane vite kva slags tilleggsfinansiering det er mogleg å skaffe. – På eit eller anna tidspunkt i haust må fylkestinget gjere eit endeleg vedtak i ei vanskeleg sak. Både politisk og administrativt må det jobbast intensivt i forhold til dei punkta som vi får på bordet, seier Tøsse. Leiar i samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp) trur politikarane vil ha nok informasjon i oktober til å kunne seie ja eller nei til Nordøyvegen.

Charles Tøsse
Foto: Remi Sagen / NRK