Hopp til innhold

Skal etterforske dykkarulykke

Det var ein mann i 40-åra frå Ålesund som blei frakta til sjukehus etter ei dykkarulykke ved Litle Kalvøy i Ellingsøyfjorden tidlegare i kveld. – Mannen dykka åleine, og blei henta i land av personar som var i nærleiken, fortel operasjonsleiar Arild Reite i politiet. Det er så langt uklart kor alvorleg skadd mannen er og kva som var årsaka til at han fekk problem. Politiet har gjennomført vitneavhøyr og undersøkingar på staden. Dei har også undersøkt dykkarutstyret til mannen. Saka blir etterforska.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL