Hopp til innhold

Tidlegare dømd for torpedoverksemd

Mannen som er rekna for å vere hovudmannen i ei grov mishandlingssak vedgjekk i retten i føremiddag at det var han som trua den fornærma til å valdta seg sjølv med ei flaske. Romsdalingen i 40-åra sa dette skjedde for å skræme han kraftig. I 2003 blei han dømt til fengsel i to og eit halvt år for torpedoverksemd, og for å ha halde ein mann fanga i dagevis medan han blei mishandla grovt. Han har også fleire grove narkotikadommar, den siste blei avsagt tidlegare denne veka.