Hopp til innhold

Døde ikkje av drukning

Sauen som blei funne flytande i sjøen ved Hundsværholmen i Ålesund døde ikkje av drukning. Det seier seksjonsleiar i Mattilsynet, Anne Stine Foldal Aam. Dei ventar framleis på obduksjonsrapporten for å kunne seie noko om dødsårsaka. Sauen hadde fleire kuttmerke og mangla ei øyre då den blei funnen i slutten av mai, og eigarane frykta at dyret hadde blitt mishandla. Saka blir framleis etterforska av politiet.