Ny spelar til Molde Elite
Vilde Rønningen (18) frå Levanger har signert for handballklubben Molde Elite. Strekspelaren har spelt for Levanger handballklubb dei to siste sesongane. Moldetrenar Magnus Johansson seier i ei pressemelding at han er glad for å få Rønningen med på laget. – Ho er ein stor strekspelar med ei fin kjensle for spelet og som er god på å ta imot ballen.