Hopp til innhold

Ventar på obduksjonsrapporten

Politiet ventar framleis på obduksjonsrapporten etter at ein mann i 40-åra omkom om bord i Giske-trålaren Nordstar. Mannen døde under arbeid i ein ensilasjetank 11. juni. – Vi kan så langt ikkje seie noko eksakt om dødsårsaka før obduksjonsrapporten er klar, seier politijurist Magne Kvalvik. Han fortel vidare at dei er godt i gang med etterforskinga og at det er naturleg å sjå på skipets sikkerheitsrutinar ettersom dødsfallet skjedde under arbeid om bord i båten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL