Hopp til innhold

Fleire seier ja til sal

Aksjonærar som kontrollerer vel 29 prosent av aksjane i Ekornes har sagt ja til tilbodet om kjøp av den kinesiske selskapet Qumei Home Furnishings Group. Det går fram av ei børsmelding, som kom i ettermiddag. – I dagens børsmelding viser Qumei at dei no har oppfylt to av dei fem kriteria som tilbodet om sal føreset. Dei viser også at dei har kjøpt fleire aksjar, og ein kan seie at dette er ei løypemelding på vegen mot eit sal av Ekornes, seier Olav Holst-Dyrnes, konsernsjef i Ekornes.