Hopp til innhold

Forsvarer millionlønningar

Lønene til toppleiarane i statlege selskap må vere konkurransedyktige for å få dei rette folka, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen. Eit oversyn viser at leiarane i åtte statleg eigde selskap til saman tente nær 100 millionar kroner i fjor. Equinor-sjef Eldar Sætre frå Vartdal var den av toppleiarane som fekk best betalt i fjor, med ein samla lønnspakke på nær 15 millionar kroner. Han fekk også ei lønnsauke på heile 32 prosent frå året før.

Eldar Sætre
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix