Hopp til innhold

Kan bli færre prosti i Møre

Nye regionar og kommuneendringar gjer at Møre bispedøme også må endre på sine grenser. Dei sju prostia i Møre kan dermed bli færre. Bispedømet sender no saka ut på høyring, men utan å foreslå kor mange prosti det skal vere i framtida. – Det er fordi vi vil ha openheit rundt saka, og ikkje konkludere på førehand, seier stiftsdirektør Bjørn Olaf Storhaug.