Mistenkt for fyllekøyring
Ein bilførar er mistenkt for fyllekøyring etter eit trafikkuhell i Gomagata i Kristiansund i går kveld. Bilføraren stakk frå staden etter ulykka, men politiet fann bilføraren seint i går kveld. Personen blir meldt for forholdet og fekk førarkortet beslaglagt.