Hopp til innhold

Jordbæra er her

Jordbæra er rekordtidleg moden. I dag selte Skålabær i Molde den aller første bæra som er plukka frå åkeren. Aldri før har dei starta så tidleg. – Sesongen er i gang. Det har vore mykje varmt vêr i det siste som har skunda fram prosessen. Men samtidig kan det sjå ut som varmen også gjer at det blir ein kort sesong, seier Andreas Torhus, dagleg leiar i Skålabær.

Norske jordbær
Foto: Roar Strøm / NRK