Hopp til innhold

Elevane meiner det er eit løftebrot

Elevane ved Gjermundnes vidaregåande skule i Vestnes er svært skuffa over at utbygginga av skulen som skulle starte i år, blir utsett. Skulen som gir elevar innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging har eit båsfjøs som blir drive på dispensasjon, men det er ikkje forsvarleg, seier elevrådsleiar Karoline Qvam. – Vi reagerer på at alt anna blir prioritert enn den einaste landbruksskulen som vi har i fylket. Når vi driftast på dispensasjon, så er ikkje det bra. Vi prøver jo å utdanne framtidas bønder, seier Qvam.

Gjermundnes tilbyr landbruksutdanning for vaksne
Foto: Gunnar Sandvik / NRK