Hopp til innhold

Ankesaka startar i dag

I dag startar ankesaka etter at ein austeuropeisk mann tidlegare i år blei dømd for valdtekt av ei kvinne på Søre Sunnmøre. To andre blei frifunne for valdtekta, og etter kort tid anka påtalemakta avgjerda. Alle tre var tiltalte for å ha overfalle og valdteke kvinna, som var på fjelltur, men berre ein av dei blei altså funnen skuldig. Det er sett av to veker til saka.