Hopp til innhold

Delte om fjordkryssing

I går blei det arrangert folkemøte på Bjørnsonhuset i Molde for å diskutere ei eventuell utgreiing av Romsdalaksen. Både blant politikarane og dei frammøtte var det usemje om kva som er den beste løysinga for å få ein ferjefri Romsdalsfjord. Fleire av fylkestingspolitikarane som deltok på diskusjonen var positive til ei utgreiing av Romsdalsaksen som eit alternativ til Møreaksen. Dette gjaldt mellom anna Frp, Sp, Venstre, Nordmørslista og Borgerlista. Dermed blir det spennande når fylkestinget skal fatte endeleg vedtak i saka seinare i juni.

Folkemøte om Romsdalsaksen vs Møreaksen
Foto: Silje Bjerknes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL