Hopp til innhold

– Vi må halde fram med Møreaksen

Heidi Nakken (H) meiner at ein må halde fram med planane om Møreaksen. – Det er eit samla fylke, med unntak av SV som har kome fram til dette gjennom demokratiske prosessar over fleire år. Eg blir ikkje med på å vike frå dette no, når det nesten er klart til å ta første spadetak. Ho vektlegg likevel at det kan skje endringar i den Møreaksen-planen som ligg til grunn no. – Teknologien utviklar seg og vi må ta i bruk det nyaste etter kvart som vi bygg. Men det viktigaste er å halde på avgjerda om trasé og sette i gang med bygginga, seier Nakken.

Heidi Nakken
Foto: Silje Bjerknes / NRK