Hopp til innhold

Ingen personar skadde

Ingen av mannskapet på fem er ifølgje politiet skadde etter at ein trålar har gått på land i Austefjorden i Volda. Alle naudetatar rykte ut etter at politiet klokka 06.31 fekk melding om trålaren, og også luftambulanse med dykkarar om bord vart kalla ut. Skroget er heilt og der er ingen lekkasje. – Det vi må prøve å finne ut no er kva som har skjedd. Kva som er årsaka til at trålaren ligg der han ligg, det veit vi ikkje endå, seier operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.