Hopp til innhold

Stiller seg bak Møreaksen

NHO-direktør Torill Ytreberg (biletet) Romsdal Regionråd, Sunnmøre Regionråd og fleire maritime bransjeorganisasjonar gir si fulle støtte til vegprosjektet Møreaksen. Prosjektet, som inneber fjordkryssing av Romsdalsfjorden har som mål å knyte Sunnmøre med Ålesundsregionen og Romsdalsregionen tettare saman. Organisasjonane som no samla gir si støtte til Møreaksen vil ikkje ha ei utgreiing av eit anna fjordkryssingsalternativ som har fått namnet Romsdalsaksen. Både samferdselsministeren og statsministeren har sagt at dei tilrår bygging av Møreaksen. Det same har fylkestinget.

Torill Ytreberg
Foto: Trond Vestre / NRK