Hopp til innhold

Forlenga varetekt

Den antekne hovudmannen i ei svært grov valdssak er fengsla på nytt fram til rettssaka i slutten av juni. Det går fram av ei rettsavgjerd frå Sunnmøre tingrett. Retten meiner mellom anna at det er ei konkret og reell fare for at mannen vil kome til å påverke vitne dersom han blir lauslaten. Romsdalsmannen og fire andre er mellom anna tiltalte for å ha trua ein mann til å valdta seg sjølv med ei flaske i jula i forfjor, og riksadvokaten, som har tatt ut tiltalen, omtalar valdtekta som spesielt grov.